Fleire leiarar forlet Helse Møre og Romsdal

Assisterande direktør Helge Ristesund og kommunikasjonsdirektør Trine Kvalheim vil i løpet av 2019 slutte i sine stillingar i Helse Møre og Romsdal. Begge to var ønska med vidare i leiargruppa.

Stort meirforbruk: Ålesund sjukehus og resten av Helse Møre og Romsdal bruker mykje meir pengar enn budsjettert. ARKIV  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Det skriv Helser Møre og ROmsdal i ei pressemelding tirsdag ettermiddag.

- Eg vil takke Ristesund og Kvalheim for jobben dei har gjort for føretaket. Begge to er dyktige og erfarne leiarar som er gjerne skulle hatt med vidare. Eg har likevel respekt for valet dei har tatt, seier Nils Kvernmo, konstituert adm. dir.

Ristesund får ny rolle i HMR

Ristesund går ut av leiargruppa i september, men vil fortsette å jobbe i føretaket. Som tidlegare vil Ristesund ha ei sentral rolle i å følgje opp realisere Sjukehuset Nordmøre og Romsdal.

- Etter over tjue år i toppleiinga av Sentralsjukehuset i Møre og Romsdal, Helse Sunnmøre og Helse Møre og Romsdal, bad eg på eige initiativ allereie i haust om å få gå ut av direktøren si leiargruppe. Frå 1. september blir eg rådgivar i staben der eg framleis vil ivareta dei fleste av mine noverande arbeidsoppgåver, seier Ristesund.

Medan stillinga som assisterande direktør førebels ikkje blir erstatta, vil stillinga som kommunikasjonsdirektør bli lyst ut så snart som mogeleg. Kvalheim vil fortsetje i stillinga i oppseiingstida på seks månadar.

- Eg har hatt ein av dei mest givande kommunikasjonsjobbane i norsk helsevesen og har hatt stor glede av å jobbe saman med dyktige folk og med eit meiningsfullt og viktig samfunnsoppdrag i dei seks åra eg har vore i stillinga. Desse åra har vore lærerike, spennande og intense, men no meiner eg andre kan komme inn å bidra i det vidare kommunikasjonsarbeidet. Eg har eit godt inntrykk av Kvernmo og ser fram til å samarbeide med han i tida framover til eg går ut av stillinga den 1. november, seier Kvalheim.

Nokre andre endringar

I 2019 vil det også komme endringar i samband med at klinikksjef for diagnostikk, Svanhild Tranvåg går av med pensjon til hausten. Stillinga som klinikksjef blei lyst ut etter nyttår og det er venta ei tilsetting i stillinga før sommaren.

Klinikksjefstillinga i klinikk for medisin og rehabilitering har vore lyst ut tidligare og blir lyst ut på nytt hausten 2019. I mellomtida held Jorun Bøyum fram som konstituert klinikksjef.

Kjetil Hjelset blei nyleg tilsett i fast stilling som HR-direktør. Hjelset har vore konstituert i stillinga sidan januar 2018.

Perny Kristin Oksnes er tilsett som avd.sjef for sykehuspsykiatrien Sunnmøre, og erstattar Nils-Arne Skagøy som hadde stillinga tidlegere. Oksnes er utdanna sjukepleiar og har jobba på St. Olavs hospital før ho starta i Helse Møre og Romsdal. Sidan 2014 har ho vore seksjonsleiar for lokal sikkerheitspsykiatri i HMR. Dei vann arbeidsmiljøprisen i 2017.