Møller inn i NHF-styret

Jarl Martin Møller frå Hødd vart i helga vald inn som varamedlem til styret i Norges Handballforbund.

i handballstyret: Jarl Martin Møller er vald inn som varamedlem i Norges Handballforbund sitt styre. 47-åringen, som til dagleg er kommunalsjef i Volda, har vore ei eldsjel i Hødd Handball i ei årrekkje, samt i regionstyret. No må han ha nasjonalt fokus. FOTO: SVEIN ANDRE SVENDSEN, NHF  Foto: svendsen, NHF

Nyheter

– Eg skal møte fast på styremøte. Det fyrste skal haldast 15. august. Då skal vi samlast på ein gard for teambygging, seier Møller til Sunnmørsposten.