Slitande å ikkje vite når det blir betre

Ingeborg Henriksen er hovudtillitsvalt for Yngre Legers Forening i Ålesund.

Tillitsvalt: Ingeborg Henriksen heilt til venstre. Bildet er tatt under eit besøk av helseminister Bent Høie i Volda. Arkivfoto.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

– No er sjukehuset i ein bygningskropp der kvardagen blir opplevd som tungvint for både pasientar og tilsette. Det er utfordrande å finne dei gode løysingane for pasientflyt, logistikk og effektivitet. Pasientane våre må flytte seg lange avstandar for relativt enkle besøk. Og for dei som vert flytta i seng, skjer dette til dels gjennom korridorar der anna publikum oppheld seg.