Ein person til sjukehus for sjekk etter båtbrann

Mann i 60-åra skal ha fått i seg ein del røyk under forsøk på å sløkke brannen.

  Foto: Smp-tipsar

Nyheter

Oppdatering: - Brannen er no under kontroll, men det pågår ettersløkking, opplyser politiet klokka 15.15.

Naudetatane har rykka ut, etter melding om brann i ein båt i eit naust i Vestnesbukta i Vestnes. Naustet ligg like ved Aas Mek. Verksted.

- Naudetatane er framme på staden og det er overtent, opplyste politiet like før klokka 14. Sløkkinga var då i gong.

- Brannvesenet har førebels ikkje kontroll på brannen, men slik vi er blitt forklart det, er det ikkje fare for spreiing, fekk Sunnmørsposten opplyst ved 110-sentralen klokka 14.12.

Samtidig melde politiet at ein mann i 60-åra som arbeidde inne i naustet skal ha fått i seg ein del røyk under forsøk på å sløkke brannen. Vedkommande vart køyrt til sjukehus for sjekk.

- Naustet har kollapsa og falle over båten, og både båt og naust har truleg store skadar, sa Frank Austdal ved 110-sentralen klokka 14.43.

- Ein har no ein viss kontroll på brannen, la han til.

110-sentralen melde om brannen klokka 13.46.