Mista lappen i Velledalen

Nyheter

Møre og Romsdal politidistrikt melder på Twitter at ein sjåfør må belage seg på å bli fotgjengar etter ein laserkontroll. Bilisten heldt ein fart på 89 km/t i 60-sona i Velledalen i Sykkylven kommune og fekk inndratt førarkortet for råkøyringa.