Bilbrann i Lotetunnelen

Klokka 16.08 fekk politiet melding om bilbrann i Lotetunnelen på E39 i Nordfjord. Brannen er sløkt.
Nyheter

– Brannen er sløkt, men det er ein del røyk. Vi er på veg mot staden, melde politiet 16.08 torsdag.

to personar hadde fått i seg litt røyk og blei sett til av helsearbeidarar på staden. Tunnelen var ein kort stund stengt og det var manuell dirigering på staden.

Klokka 17 melde politiet at ingen blei skada, og at dei etterforskar hendinga. Ifølge vegtrafikksentralen er tunnelen no open for trafikk.