Nytt kommunevåpen for Stad kommune

  Foto: PRESSEFOTO

Nyheter

Eid og Selje kommunestyrer har gjort samrøystes vedtak om å ha St. Sunniva og fjordhesten som motiv for Stad kommune sitt kommunevåpen.

Det kjem fram i ei pressemelding.

Kommunevåpenet er formelt godkjent og vil no bli sendt inn og registrert i Arkivverket.

- Vi vil takke alle som har engasjert seg på vegen fram mot å velje kommunevåpen for nye Stad kommune, og er glade for at vi no har vald eit flott, samlande motiv som har brei oppslutnad blant folk flest. Med dette tek vi med oss viktige historiske tradisjonar inn i den nye kommunen og knyter fortid og framtid saman, seier ordførar i Selje, Stein Robert Osdal og ordførar i Eid, Alfred Bjørlo.

Eid, Selje og Bryggja krins i Vågsøy slår seg saman til nye Stad kommune frå 1.1.2020. Nordfjordeid blir kommunesenter i den nye kommunen, som får ca 9.500 innbyggjarar. Det er designbyrået BYRR som har laga det nye kommunevåpenet.