Skulle til Lofoten, hamna i Nordfjord

LOFOTEN: Det kinesiske paret skulle hit til Å i Lofoten, men hamna i Aa i Nordfjord. FOTO: SCANPIX 

Nyheter

To kinesiske turistar bomma med 1310 kilometer på reisemålet. Paret skulle til Å i Lofoten men hamna i Aa i Nordfjord, melder NRK Sogn og Fjordane.

Dei fortel at onsdag dukka ein litt forvirra kinesisk turist opp på tunet hos Magni Aa-Berge i Hyen i Gloppen.

Skipsverft

– Først tenkte eg ikkje så mykje over det, for skipsverftet i bygda har mange kinesiske arbeidarar. Eg tenkte det kanskje var ein av dei som lurte på noko, seier Aa-Berge.

Ho legg til at den kinesiske mannen kunne ikkje eit ord engelsk, men peika på ei adresse på mobiltelefon.

Leknes

På kartet som mannen viste henne, såg Aa-Berge namnet Leknes. Mor hennar, som også var der, lurte på om det kunne vere Leknes på Sunnmøre. Men då mannen zooma ut på telefonen skjøna dei at han skulle endå lenger nord. At det dreide seg om Leknes i Lofoten.

– Eg har jo angra litt på at eg ikkje har lært meg mandarin, for det kunne jo ha kome godt med elles også her i bygda, seier Magni Aa-Berge lattermild til radiokanalen.

Til hotellet

Ho sende det kinesiske paret vidare til Gloppen Hotell.

Men på hotellet har dei ikkje hatt nokon kinesisk gjest, så det er usikkert kvar paret har teke vegen vidare, melder NRK.