Fiskeriministeren signerer lakseavtale med Kina

To sjømatavtaler blir signerte måndag 20. mai. Signeringa skjer i samband med besøk frå Kinas veterinær- og tollminister, opplyser Nærings- og fiskeridepartementet.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik prøvde seg i produksjonen hos Jakob Bjørge AS. ARKIV  Foto: Staale Wattø

Nyheter

- Kina er ein av våre største vekstmarknader. Desse avtalane er viktige for norske sjømatbedrifter. Auken i sjømatkonsumet i Kina er større enn heile den årlege produksjonen i Noreg. Det seier litt om kor viktig dette landet er, seier fiskeriminister Harald T. Nesvik.

Måndag signerer fiskeriministeren lakseprotokollen med Kinas toll- og veterinærminister Ni Yuefeng. Avtalen blei første gong signert i Kina i 2017. Lakseprotokollen varer i to år, og bidrar til at handelen med laks blir meir føreseieleg.

Noreg og Kina er også blitt einige om ein avtale som skal medverke til å sikre marknadsåtgang i Kina for norsk fiskemjøl og – olje. Det er stor interesse for handel med slike varer,både hos norske og kinesiske aktørar. Protokollen blir signert av adm. direktør Harald Gjein i Mattilsynet