Klart for ny festival for folkehelsa

For sjuande året på rad arrangerer Moltustranda Idrettslag mosjonsfestival i bygda.

Festivalaktivitet: Moltustranda mosjonsfestival vil få folk i alle aldrar opp av sofaen og ut på ulike aktivitetar, som fjelltur til Hidsegga, 556 meter over havet.  Foto: Ida Moltu

Nyheter

– Festivalen fokuserer på mosjon og folkehelse og har mykje kjekt på programmet for ein kvar smak, skriv festivalstyret i ei pressemelding.

Festivalen startar fredag 24. mai og varer heile helga.

Felles dugnad

Moltustranda Mosjonsfestival blei arrangert for første gong i 2013. Festivalen er basert på ein idé om å skape ein felles dugnad i bygda der mosjon og folkehelse står i fokus.

Moltustranda Idrettslag har hovedansvaret, men fleire andre lag i bygda er også involvert på ulike måtar.

– Moltustranda skal vere ein god plass å bu for alle, og festivalen er med på å samle bygdefolket og bidra til eit levande bygdesamfunn. Det er ei sterk dugnadsånd i bygda, og folk i alle aldrar stiller opp og bidreg på sin måte med å få arrangementet i hamn, skriv styret.

Arrangørane bruker den fine naturen på Moltustranda til å få bygdefolk og tilreisande opp av sofaen og ut.

Absolutt alle kan delta og vere aktive i festivalen, anten ved å gå «Moltumila», delta i motbakkeløpet til Hidsegga, sykle «Tour de Moltu», eller rett og slett delta i folkelivet rundt aktivitetane, heiter det i pressemeldinga.

Utfordrar bedrifter

På programmet er det mange aktivitetar for barn, som ulike leikar, trylleshow, hoppeslott og bamsesjukehus.

Laurdag serverer korpset på Moltustranda frukost til alle som møter opp. Så går det går slag i slag til Stine Nilsen og Livin West spelar opp til dans i festivalteltet.

Nytt av året er bedriftsstafetten, der bedrifter og organisasjonar blir utfordra til å stille. Også førstehjelpskurs for barna, arrangert av Røde Kors, er nytt av året.