Naboane går saman om bossdunkane

I gata Trømyra på Fiskarstrand i Sula har fleire husstandar gått saman om bosshandteringa. Resultatet er langt færre bossdunkar.

Færre slike: Desse naboane på Fiskarstrand laga eit eige bossdunkskur for å redusere talet bossdunkar frå 36 til seks. Lidvar Tranvåg (nærast) og Birger Vegsund hjelper til med å laste på dei gamle dunkane. Foto: Staale Wattø  Foto: Staale Wattø

Nyheter

– Skal ein få til noko som dette, er ein avhengige av pådrivarar og nabolag som snakkar saman, seier kommunikasjonssjef i Årim, Ingeborg Ukkelberg.