Fryktar ukontrollert masseturisme på Flø – kritisk til reiselivssatsing i Ulstein kommune

Bygdefolket nektar å bli «turistfyrtårn»

Dei fryktar masseturisme og reagerer på at kommunen og reiselivet vil gjere bygda til «turistfyrtårn» – og det utan å spørje innbyggarane først.

Til aksjon: – Vi vil ikkje verte marknadsført som eit slags «Lofoten» og bli ei kulisse for masseturisme, seier Berit Roppen, leiar i underskriftsaksjonen «Nei til Flø som turistfyrtårn og auka trafikk langs Fløvegen». Her saman med nokre av dei mange som er kritiske til ei stor turistauke. Mange av dei som bur på Flø er familiefolk som har flytta tilbake og etablert seg på nytt i den fredelege bygda. 

Her kan ein øydelegge det ein vil vise fram

Berit Roppen
Nyheter

Torsdag skal kommunestyret i Ulstein handsame ei klagesak frå aksjonsgruppa «Nei til Flø som turistfyrtårn og auka trafikk langs Fløvegen».