Bank gir tre millionar til stadionanlegg

Historisk satsing på fotballen i Volda

Volda Fotball går i gang med ei historisk satsing på fornying og modernisering av anlegget sitt.

Storsatsing: Sparebank 1 Søre Sunnmøre si støtte på tre millionar kroner er avgjerande for å gå i gang med fornyingsprosjektet ved Volda stadion. Frå venstre adm. dir i banken Stig Brautaset, administrativ leiar i VTI Runar Åhjem Løvold, Eivind Dahl i prosjektgruppa, kommunikasjonsrådgjevar Veronica Kvalen Pilskog i banken, avdelingsbanksjef Arne Lothe, og John Ove Høydal i prosjektgruppa.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Onsdag signerte VTI Fotball og Sparebank 1 Søre Sunnmøre ein avtale som sikrar finansiering av ei omfattande oppgradering som skal skje på Volda stadion i løpet av 2019 og 2020.