Mista førarkortet i Skorgedalen

Og 14 fekk forenkla forelegg i UP-kontroll onsdag kveld.

Illustrasjonsfoto: Marius Simensen 

Nyheter

UP hadde rigga seg til med fartskontroll i Skorgedalen i Vestnes onsdag kveld.

14 førarar køyrde i ei hastigheit som ikkje var i samsvar med fartsgrensa på staden og av den grunn vart det tildelt forenkla forelegg.

I tillegg var det altså ein sjåfør som miste lappen.

Høgaste hastigheit var 118 km/t i 80-sone, opplyser Møre og Romsdal politidistrikt på Twitter.