Kjøper skuleplassar i Valldal

Liabygda skule.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Liabygda skule vert lagt ned frå 1. august, og Stranda kommune skal kjøpe plassar til elevane i Valldal – i nye Fjord kommune.

Dette har eit samrøystes kommunestyre i Stranda vedteke.

Det betyr også at eit tidlegare vedtak om å slå saman barnehagen og småskulen i Liabygda til eit oppvekstsenter blir skrinlagt.

Fjord kommune har tilbydd Stranda kommune skuleplassar for 110.000 kroner per elev.

Utgifter til skuleskyss kjem i tillegg.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter