Kollisjon mellom syklist og bil

Politiet melder torsdag kveld om ein kollisjon på Vallabøen i Ørsta.
Nyheter

Politiet melde om hendinga klokka 20.40 torsdag. Bilen hadde låg fart, skriv politiet i Møre og Romsdal på Twitter.

Syklisten er ein gut. Han er undersøkt av helse på staden og framstår som uskada.

– Politiet opprettar ei undersøkingssak.