Representantar frå politisk og administrativ leiing i Stryn, Stranda, Hornindal og Skjåk , Gode Vegar og vegvesenet sitt regionkontor i Nord-Gudbransdalen møttest nyleg på Grotli Høyfjellshotell. For å gje riksveg 15 større tyngde vil det bli etablert eit eige Rv 15-forum. Det vil skje i samband med eit planlagt vegmøte i Geiranger 13. juni, ifølgje ei pressemelding
– I konkurranse med andre vegprosjekt er det svært viktig at vi no står samla på begge sider av fjellet for å lyfte fram riksveg 15, seier ordførarane Sven Flo, Jan Ove Tryggestad, Stig Olav Lødemel og Elias Sperstad i ei pressemelding.
Riksvei 15 går mellom Otta i Sel og Måløy i Vågsøy. Vegens lengde er 280,3 kilometer.
Med seg i arbeidet vil dei ha med blant andre representantar frå dei tre fylka Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oppland (Innlandet).
– Å byggje allianse gjennom tre fylker med eit felles mål vil vere ein stor styrke for å stå sterkare i konkurranse med andre vegprosjekt. Vi må ha tyngde, og det får vi gjennom alliansen, seier ordførarane.
Dei understrekar at det må arbeidast tverrpolitisk, og i samarbeid med viktige aktørar blant anna innan reiselivet og transportnæringa.
Rv 15-forum vil også arbeide aktivt for strekningsvis utbetring av riksveg 15, særleg gjennom Ottadalen.
Dessutan vil det bli svært viktig å halde oppe trykket på arm til Geiranger med ferjefri heilårsveg Otta-Geiranger og Geiranger-Nordfjord/Sunnmøre, noko dei held fram som viktig for reiseliv og som beredskapsveg for Geiranger.
– I dette arbeidet er det avgjerande at fylkeskommunane er aktivt med og frontar prosjektet, seier ordførarane som også vil innlemme Gamle Strynefjellsvegen i forumet, særleg med tanke på å trygge framtida for den nasjonale turistvegen.