Stoppa Mørenett med traktor og møkavogn

Ein grunneigar meiner Mørenett ikkje hadde rett til å legge kabel over eigedomen og parkerte ein traktor med gjødselhengar i vegen. No har Søre Sunnmøre tingrett gitt han medhald.

FEKK IKKJE MEDHALD: Søre Sunnmøre tingrett gir ikkje Mørenett medhald i tvisten med grunneigaren som stoppa graving av ny kabelgrøft.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Berre hundre meter står att før Mørenett er ferdig med å grave trasè for 22 kV jordkabel i Volda. Men no er arbeidet stoppa etter ein tvist om eigedomsforholda.