Ålesundsreiar ny topp i Fiskebåt

Solveig Strand er valt til ny nestleiar i Fiskebåt.

Nestleiar: Solveig Strand, dagleg leiar i Strand Fiskeriselskap, er ny nestleiar i Fiskebåt.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Solveig Strand frå Ålesund er valt til ny nestleiar i Fiskebåt. Strand tek over etter Walter Rasmussen som gjekk ut av styret på årsmøtet i februar. Det melder Fiskebåt i ei pressemelding.

Solveig Strand er dagleg leiar i Strand Fiskeriselskap som eig og driftar frysetrålaren Havbryn og ringnotsnurparen Fiskeskjer. Ho har lang fartstid som styremedlem i Fiskebåt.

Styret i Fiskebåt konstituerte seg på styremøtet på Gardermoen denne veka.

- Eg takkar for tilliten og ser fram til innta ei ny rolle i styret til Fiskebåt, seier Strand.

Fiskebåt er ein interesse- og arbeidsgivarorganisasjon for den norske havgåande fiskeflåten.