Gange Rolv-mysteriet:

Fann igjen skjelettrestar

Dei stolne skjelettrestane som kan vere med på å løyse Gange Rolv-gåta, er komne til rette.

ROLLO: Gange-Rolv er på Sunnmøre kjent som sonen til Ragnvald Mørejarl, som utvandra til Normandie og tok namnet Rollo.  Foto: Arkiv

Nyheter

Historikar Sturla Ellingvåg blei i april utsett for eit postkassetjuveri i Florø. To små plastrøyr med restane frå eit 1000 år gammalt skjelett var stolne. Ifølgje NRK Sogn og Fjordane er tjuvgodset no funne i ein tujahekk i byen.


Stal skjelettrestar som kunne gitt svar på gåta om Gange-Rolv

Tjuveri i Florø kan skape trøbbel for arbeidet med å løyse det eldgamle mysteriet.


Skjelettet kjem frå ein sarkofag i Normandie. Ellingvåg skal analysere prøvene ved DNA-laben i København, der han jobbar.

Han har tidlegare uttalt til Firdaposten at det dreiar seg om Rollo, eller Gange-Rolv, vikinghøvdingen som slo seg ned i Normandie.

Ifølgje historikaren er det dei siste skjelettrestane frå Gange Rolvs næraste etterkommar, og dermed siste forsøk på å prøve å løyse gåta.