Vil frede kulturminne i Olden

Singerheimen i Olden er eit kulturminne av nasjonal interesse og bør bli freda, meiner Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Singerheimen: Sogn og Fjordane fylkeskommune startar fredingsprosess for huset som den amerikanske kunstnaren William Singer og kona Anna bygde i Olden.  Foto: Sogn og Fjordane fylkeskommune

Nyheter

Det er varsla oppstart av fredingssak for Singerheimen/Dalheim i Stryn kommune, melder Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding.

– Singerheimen representerer store verdiar i lokalsamfunnnet, men også for nasjonen Norge. Ei freding vil bidra til å sikre dei unike verdiane og formidle historia om Singer og Singerheimen til framtidig generasjonar, seier fylkeskonservator Eva Moberg.

Anlegget med ni bygningar og hage vart bygd opp av Anna Brugh Singer og kunstmålaren William H. Singer jr.

Varsel om oppstart av fredingssak er første steg på vegen mot freding av eigedomen.

Endelege fredingsvedtak vert gjort av Riksantikvaren.