Koseleg marknad og musikk i Volda

– Det er så kjekt med marknad, og å sjå så mange folk som har teke turen hit!
Nyheter

Det sa Eli Schjølberg, som var ei av dei mange som var å treffe i Volda sentrum laurdag ettermiddag. Ho hadde fått besøk av barnebarnet sitt Oline Risøy, frå Ålesund, og dei såg etter brukte bøker i salsbodene.