Huseigaren må få dispensasjon om ambulansepersonell skal kunne sove her:

Får kvile, ikkje overnatte

Sidan 2014 har ambulansepersonellet i Ålesund overnatta på stasjonen truleg i strid med gjeldande regelverk. No er dei litt usikre på kva dei skal gjere.

Får ikkje overnatte Ambulansepersonellet på stasjonen i Ålesund har truleg ikkje lov til å overnatte på stasjonen, slik dei har gjort i strid med reguleringa sidan dei flytta inn i 2014. Foto: Nils-Harald Ånstad.  Foto: Nils Harald Ånstad

Nyheter

Ambulansetenesta har brukt seks kontor på stasjonen i Lerstadvegen 519 som overnattingsstad for sovande nattevakter, og det har dei gjort sidan dei flytta inn på stasjonen i 2014.