Krangla, knuffa og spytta mot politiet

Politiet melder om kranglete og aggressive menn både i Ålesund og på Sæbø natt til søndag.
Nyheter

Klokka 00.36: Ein rusa og aggressiv mann i 20-åra krangla og knuffa med vakter på ein utestad i Ålesund sentrum. Då politiet kom til staden prøvde mannen å spytte på betjentane.

– Vegen til arresten blei kort og han blir meld til politiet for oppførselen, melder politiet i Møre og Romsdal på Twitter

KLokka 01.32: Politiet viser vekk ein mann i 30-åra frå sentrum. Mannen har vore til sjenanse for gjester ved ein utestad og har vore aggressiv mot vakter, heiter det i politiloggen.

Klokka 01.27: Politiet får melding om nokre aggressive og kranglete gjester ved ei tilstelling på Sæbø.

01.53: To menn i 20-åra er køyrde fekk frå staden. Politiet melder om aggressiv og utagerande oppførsel.

Ein av mennene blir meld for vald mot politiet, etter å ha sparka ein tenestemann i foten. Den andre mannen blir politimeld for ordensuro.