– Ikkje Bond-film på Sæbø

Det er ikkje den nye James Bond-filmen som skal spelast inn på Sæbø dei komande dagane.

Parkeringsplassen til Sagafjord Hotell på Sæbø er fylt med lastebilar klare for filminnspeling.   Foto: RUNE SÆBØNES / MØRE-NYTT

Nyheter

Dagbladet har fått lineprodusent Per Henry Borch i Truenorth Norway i tale. Han avkreftar at det handlar om innspeling av den nye James Bond-filmen.

Han fann det naudsynt å avkrefte at det handlar om innspeling av den nye James Bond-filmen, mellom anna for å stoppe spekulasjonane, og hindre Bond-fans i å ta turen til Sæbø fånyttes.

TV 2: Ny James Bond-film kan være i gang på Sunnmøre

Varebiler fra flere filmselskaper viser at det trolig er innspillinger til den neste James Bond-filmen på gang i bygda Sæbø på Sunnmøre, melder TV 2.


Likevel, Borch stadfestar overfor Dagbladet at det handlar om ein film av internasjonalt kaliber.

Sjølve filminnspelinga startar onsdag.

Etter det Møre-Nytt erfarer er det Marvel-universet som har inntatt Sæbø og Hjørundfjorden. Scarlett Johansson har vore sentrail i Avengers-filmane som Black Widow. Det er ein å få karakterar som ikkje har fått sin eigen film, men mykje tilseier no at det er scener til Black Widow som skal spelast inn på Sæbø dei komande dagane.