Båttreff og bad i helga

Bad: Friluftsbadet på Ikornnes held ope under båttreffet i helga.   Foto: Arkivfoto

Nyheter

Det er klart for eit nytt båttreff på Ikornnes i Sykkylven. Og som vanleg er det ope basseng, matservering, mykje moro og musikk.

Treffet tek til torsdag, og går til søndag, med Verkstaden Bistro og Ikornnes Båtforening som arrangørar.

Naturrebus

Fredag er det mellom anna naturrebus, og trubaduren Matis spelar opp og underheld utover kvelden.

Laurdag blir det fleire tilbod for borna, mellom anna pirat- og skramletog - og besøk av Elias-båten.

Ro-konkurranse

Dessutan blir det ro-konkurranse der alle ordførarkandidatane er inviterte til å delta. Om kvelden er det musikkunderhaldning og stand-up, der publikum blir oppmoda om å gripe tak i mikrofonen og bidra.

Musikken utover kvelden tek trubaduren Mattis og bandet Skabelon seg av.

Bassenget og bistroen er open kvar dag frå torsdag til søndag.

Tagger:
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter