Høgskulen i Volda har fått nye styremedlemmar

Kunnskapsdepartementet har utnemnt fire nye styremedlemmar som skal sitte fram til 2023.

Høgskulen: Berte Kanutte, det nyaste bygget Høgskulen i Volda har.  Foto: Knut Arne Aarset

Nyheter

Departementet har utnemnt Roar Tobro, Inger Østensjø, Geir Terje Ruud og Bodil Palma Hollingsæter til å vere styremedlemmar ved Høgskulen i Volda i neste periode. Varamedlemmar er Ingunn Granberg Hestnes og Knut Helleland.

Styret har totalt elleve medlemmar. Kunnskapsdepartementet oppnevner fire eksterne styremedlemmer og to varamedlemmer. Andre styremedlemmer vert valt av og blant de tilsette og studentar.

Dette er bakgrunnen dei nyvalde har:

Roar Tobro frå Møre og Romsdal leiar avdeling for verksemdsstyring ved NTNU. Han er tidlegare direktør for Høgskolen i Ålesund og Møreforsking AS, og har mellom anna vore divisjonsdirektør i Innovasjon Norge. Han har også styreerfaring frå blant anna Nordisk institutt for studiar av innovasjon, forsking og utdanning (NIFU) og Forskningsinstituttenes fellesarena.


Høgskulen i Volda har nytta Yksnøya i 40 år:

Høgskulens største «klasserom»

Enkelte ting kan ein ikkje lære gjennom bøker. I 40 år har Høgskulen i Volda hatt Yksnøya som base for kystfriluftsliv.


Inger Østensjø frå Stavanger er prosjektlei Stavanger kommune. Ho er noverande styremedlem og held fram i ein periode til. Østensjø har omfattande administrativ leiarerfaring frå universitetet i Stavanger og offentleg sektor elles. Ho har også betydeleg styreerfaring frå kultur- og høgare utdanningsområdet.

Geir Terje Ruud frå Oslo har undervisningserfaring frå Danmarks medie- og jounalisthøjskole og er utviklingsdirektør i NTB med digitalisering i mediebransjen som spesialfelt. Han har såleis både erfaring frå høgare utdanning internasjonalt, og representerer utviklingsfronten i et bransje mange av høgskolens studentar skal vert utdanna til.

Bodil Palma Hollingsæter frå Molde har vore direktør for Innovasjon Norge Møre og Romsdal og er nå spesialrådgivar. Ho er også nestleiar i styret i Teknika AS – et større elektroselskap basert i Molde og i styret til Komplett bank AS.

Varamedlemmar er Ingunn Granberg Hestnes (Ulsteinvik), jurist, Ulstein kommune og Knut Helleland (Evje), professor ved UiB.


Symjehallen i Volda må stengast

Symjehallen i Volda er i uakseptabel stand, visar rapport.