Kvernmo har ikkje tid til å møte formannskapet i Ålesund

Sjukehusdirektør Nils Kvernmo har ikkje tid til å møte formannskapet i Ålesund før ferien.

Konst. adm. direktør Nils Kvernmo i Helse Møre og Romsdal var invitert til Ålesund formannskap av ordførar Eva Vinje Aurdal, men takka nei.  Foto: Marius Simensen / Sofie Svanes Flem

Nyheter

Ålesund kommune har invitert konstituert administrerande direktør Nils Kvernmo i Helse Møre og Romsdal til formannskapet. To datoar var foreslått, 28. mai eller 11. juni. Ingen av desse møta passar for Kvernmo.