Lesarinnlegg om vindkraft:

«Nei til vindkraft i Vanylven»

VINDKRAFT: NVEs kart som viser hvor det kan bli aktuelt å plassere vindmøller i Norge, har skapt debatt.  Foto: NTB Scanpix

Vi reddar ikkje verda med å bygge ned landet med vindkraftverk

Nyheter

Nærleik til urørt natur er ein av dei viktigaste grunnane til at vi bur akkurat her og ikkje ein annan stad. Ei utbygging vil gje skjeringar, breie vegar, grus, turbinar som er rundt 180 meter høge, steinrøyser, og blinkande høgintensitetslys. På grunn av isfall vil det vere uråd å nytte områda ved minus- grader. Og vindturbinane støyar. I fylgje kartet frå NVE, kjem dei «eigna» områda for utbygging nærare både bustadområde og hytter enn det NVE sjølv set som grense. I Tyskland er kravet til avstand langt strengare. Om ein trur ein kan halde fram å nytte naturen og nærområda rundt vindkraftverka som før, har ein ikkje forstått dimensjonane og omfanget slike inngrep fører med seg. Gjennom arealplanen, og dispensasjon frå denne, kan kommunen bestemme kva område det kan byggjast vindkraftverk i. Er dette gjort, har kommunen, bygdelag, og grunneigarar lite dei skulle sagt.

Det er NVE som gjev konsesjon, og det er NVE og utbyggjar som bestemmer kor store turbinane kan vere, talet på turbinar, og kvar i terrenget turbinane skal plasserast.

Dette får ein no smerteleg erfare andre stadar i landet.

Dei lokale gevinstane er små. Beløpa grunneigarane kan vente seg, avheng av kva straumprisen er og denne kan gå ned. Naturressursskatten har gjort at vasskraftkommunane er blant dei rikaste kommunane i landet, men ei tilsvarande ordning finst ikkje for vindkraft.

I anleggsperioden kan kanskje lokale entreprenørar bidra. Men når vindkraftverket er ferdig, er det gjerne berre behov for ein oppsynsmann.

Stadig fleire vindkraftverk hamnar på hendene til utanlandske investorar. Lokalsamfunnet sit at med ulempene med vindkraftverka og får svært lite attende for det, medan internasjonal storkapital stikk av med det som måtte vere av gevinstar.

Noreg renn over av grøn, miljøvenleg, rimeleg, og stabil vasskraft. Å erstatte fornybar vasskraft med vindkraft gjev lite meining. Ein auka produksjon av vindkraft vil gå til eksport. Mange hevdar at Noreg skal bli skal bli Europa sitt «grøne batteri», men det kan vi aldri verte.

NVE har rekna ut kor mykje vindkraft dei trur vi årleg kan eksportere innan år 2025. Dette utgjer 1 prosent av EU sin produksjon av fornybar kraft, 0.3 prosent av EU sin totale straumproduksjon, og 0.05 prosent av EU sitt samla energibehov. I Danmark har dei vedteke at talet på vindturbinar skal reduserast med 2.500 innan år 2030.

FN slår fast at øydelegging av natur er ein like stor trugsel mot vår eksistens som klimaendringar. Vi reddar ikkje verda med å bygge ned landet med vindkraftverk. Det er no vi må vakne. NVE sin høyringsfrist for nasjonal ramme for vindkraft på land er sett til første oktober, og det er viktig at flest mogleg kjem med innspel. Til hausten er det val, og må no seie ifrå til politikarane våre om at landbasert vindkraftverk ynskjer vi ikkje.

Frode Høgset (Åram),
Tor Andre Krokvik Mikkelsen (Åheim),
Janne Helgøy Jonasmo (Fiskå),
Dag Molvik (Åram),
Peter Sommerset (Fiskå)

For aksjonsgruppa Vern Hovda