Underskriftsaksjonar mot utbygging av vindkraftindustri

– Gledeleg overraska over responsen

Både i Hareid og Ulstein er det no sett i gang underskriftsaksjonar for å få kommunestyret til å gjere vedtak om eit prinsipielt nei til vindkraftverk i dei to kommunane.
Nyheter

(Vikebladet Vestposten): – I løpet av berre nokre timar fekk vi inn så mange underskrifter som er nødvendig for at kommunestyret skal ta stilling til saka, seier Amalie Havåg. Torsdag kveld oppretta ho underskriftsaksjonen «Nei til vindkraftverk i Hareid!» på nettstaden misak.no. Det er Kommunal- og moderniseringsdepartementet som driftar desse sidene. Ifølgje Kommuneloven pliktar kommunestyret å ta stilling til forslag frå innbyggjarane dersom minst 2 prosent av innbyggjarane står bak forslaget.