Plasten hopar seg opp på Bingsa

Har du sett store haugar med plast på Bingsa i det siste? Det har ei forklaring, i skjemaveldet i Darmstadt i Tyskland.

Over 100 tonn med plast er mellomlagra på Bingsa.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

– Det er to saker. Den eine handlar om at vi samlar inn papir og plast og sender alt til Bingsa. Der vert det sortert kvar for seg, pakka i ballar og henta av Grønt Punkt Norge. Dei siste vekene har dei hatt problem med logistikken, seier dagleg leiar i Årim, Øystein Solevåg.

Grønt Punkt Norge er dei som har reklamefilmane med Atle Antonsen. Men i tillegg til det, er det dei som syter for at plasten vert henta på dei interkommunale miljøstasjonane og frakta til gjenvinningsanlegg i Tyskland.

– Vi fekk uføresette restriksjonar ved eitt av sorteringsanlegga i Darmstadt i Tyskland. Det enda med at vi kutta det anlegget og det gav eit etterslep, så vi har måtte mellomlagra hjå dei interkommunale stasjonane, seier kommunikasjonssjef i Grønt Punkt Norge, Kari-Lill Ljøstad.

Difor har det vorte mykje plast å lagre over heile landet for gjenvinningsstasjonar som Bingsa i Ålesund.

Kostnadane må innbyggjarane ta

Denne mellomlagringa har gjeve utfordringar for Årim, som ikkje ønskjer å lagre noko plast på Bingsa i det heile. Solevåg opplyser at dei treng åtte lastebilar i veka for å bli kvitt all plasten dei pressar. Førre veke kom det to, denne veka fem. Å lagre så mykje plast er kostbart, tek opp plass dei skulle brukt til anna og er ikkje like trygt.

– Vanlegvis lagrar vi det inne og så kjem det eit vogntog som vi lastar på, og så køyrer det. Det området vogntoget står på, er no fullt av plast. Då må vogntoget stå lenger ute og kan stå i vegen for dei som kjem for å levere plast. Det må kanskje køyrast truck ute blant kundane. Det ønskjer me ikkje, seier Solevåg.

Har plassproblem: Øystein Solevåg er dagleg leiar i Årim, og har over 100 tonn plast på lager som han ønskjer å bli kvitt.  Foto: Staale Wattø

– Vi fekk henta 40 tonn plast sist veke, men har framleis over 100 tonn på lager som vi ikkje ønskjer å ha på lager. Forsøpling, driftsproblem, framkommelegheit, tryggleik. Vi er nøydde til å finne løysingar ganske fort, seier han.

I tillegg kjem det kostnadar som følgjer med lagringa, og dei må abonnentane i siste instans ta på si rekning.

Sender plasten til Finland i staden

Problema gjer at Årim må sjå på korleis dei kan betre sine eigne rutinar, om det oppstår situasjonar i framtida der dei ikkje blir kvitt plasten sin.

– Vi må sjå eigne rutinar. I fjor var det utfordringar på transportmarknaden i Europa. Grønt Punkt seier det er mellombels, men vi må tenkje kva om det varer, seier Solevåg.

I dei neste vekene vil problema minke, ifølgje Grønt Punkt Norge. Dei har fått på plass ein ny avtale som gjer at dei kan kome i gang og hente på plasten på anlegga over heile landet att.

– Problemet har no løyst seg ved at vi inngår ein avtale med våre finske kollegaer i Fortum. På Vestlandet har vi bede om godt vêr ei stund, og vil hente inn etterslepet på nokre veker. I heile landet er vi tilbake til normalen om to-tre månadar, fortel kommunikasjonssjef Ljøstad.

Bingsa slit med at mykje plast ikkje er sortert og pressa. – Det har ikkje noko med henteproblema våre, seier dagleg leiar Øystein Solevåg i Årim. 

Har eigne problem i tillegg

Den andre delen av problemet er at Årim sjølv ikkje greier å presse plasten kjapt nok. Difor er veks det ein haug med upressa plast. Desse to problema har ingenting med kvarandre å gjere. Det er nemleg ein synleg og veksande haug med upressa plast på Bingsa.

– Det er ein haug med plast som er sortert ut, men som vi har hatt problem med å få gjennom pressa. Det skal vi få løyst. Det er vårt problem, og ikkje som med hentinga, seier Solevåg i Årim.