Når vil ministeren utbetre E39 Vegsund – Breivika?

– Kom igjen, statsråd

Etter fleire månader med forgjeves forsøk på å få møte Dale, tar Ålesund-ordføraren bladet frå munnen.

I eit ope brev til statsråd Jon Georg Dale peikar Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal på kva ansvar statsråden tar når han no tvingar E39 Vegsund – Breivika ut av Ålesund sin bypakke.   Foto: Sofie Svanes Flem / Per Ove Stige

Nyheter

I eit ope brev til statsråd Jon Georg Dale peikar Ålesund-ordføraren på kva ansvar staten tar når E39 Vegsund – Breivika no blir tvinga ut av Ålesund sin bypakke. I tillegg klagar ho over at Dale ikkje er tilgjengeleg for spørsmål. I tillegg til Eva Vinje Aurdal er brevet signert av Tore Johan Øvstebø, Svein Rune Johannessen, Anders Lindbeck og Jarle Hauge Steffensen.