Gudsteneste på setra

2. pinsedag blir det verdsarvgudsteneste på Hausetra i Geiranger.

Deltek: Biskop Ingeborg Midttømme skal tale på verdsarvgudstenesta. 

Nyheter

Her blir det eit fyldig program, med musikk av Eidsdal hornmusikk, tale ved biskop Ingeborg Midttømme, og tekstlesing og bøn.

Prestar

Gudstenesta blir leia av prost Svein Runde. Verdsarvprest Morgan Berg og sokneprest Stein Karstensen deltek også. Musikalsk leiar er Gunnar Inge Leira.

Gudstenesta har skaparverket som tema, og er lagt opp med tanke på at barn skal delta.

Etter gudstenesta blir det orientering om saker som Verdsarvstiftinga har fokus på. Denne orienteringa er det Merete Rønneberg som tek seg av.

Natursti

Det blir også natursti, ulike aktivitetar og forslag til korte familieturar.

Hausetra ligg i øvre del av Møllsbygda. Dette var setra til gardane Årset og Møllseter.

Arrangør er Austre Sunnmøre prosti i samarbeid med Verdsarvstiftinga. Dei oppmodar folk til å ta med seg niste og sitjeunderlag.

Austre Sunnmøre prosti omfattar kommunane Skodje, Sykkylven, Ørskog, Stordal, Norddal og Stranda.