Ventar 30.000 turgåarar til Storehornet i år

Over hundre tonn stein skal hindre slitasje på fjellet

Ein liten dugnadsgjeng på Godøya gjer sherpaarbeidet sjølv og legg steinar på den populære turstien for å verne terrenget mot slitasje.

BRULAGT: Vegen til Storehornet er brulagt med steinheller frå Romsdal. Det gjev turgåarar på veg oppover betre vilkår, og rundt dei gror terrenget betre.  Foto: Odd-Sølve Grannes

Nyheter

Turgruppa i Godøy idrettslag har ikkje råd til sherpaar, så dei ber dei hundrekilo tunge steinane sjølv. Med assistanse frå Nord helikopter får dei frakta steinen opp på fjellet, der ei gruppe på seks–sju frivillige ber steinane vidare og lagar til sti på fjellet.