Nektar å godta bot etter fiskeleveranse

Ein fiskeskipper og eit reiarlag frå Sunnmøre nektar å betale førelegg for feilrapportering av fangst. Saka hamnar no i retten.

Fangstbot: Søre Sunnmøre tingrett skal no avgjere om skipper og reiarlag har gjort seg skuld i feilføring av ein makrell- og sildefangst i 2017. Illustrasjon  Foto: Svein Aam

Søre Sunnmøre tingrett.  Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Skipperen har fått eit forelegg på 15.000 kroner for brot på havressurslova. Reiarlaget har fått inndragingsførelegg på 30.000 kroner.

Sidan førelegga ikkje blir betalt, kjem saka opp for Søre Sunnmøre tingrett i september.

Fiskebåten frå Sunnmøre skal ha levert fangsten ved eit fiskemottak i Egersund i november 2017, ifølgje førelegget som er underskrive av politiadvokat Arnt-Erik Oust i Møre og Romsdal politidistrikt. Den elektroniske fangstdagboka viste 145.000 kilo nordsjøsild, medan sluttsetelen viste 113.287 kilo, noko som ifølgje førelegget er ei overrapportering på 25,4 prosent.

På same måte skal det ha vore ei underrapportering på 56,3 prosent av makrellfangsten som blei levert. Her viste fangstdagboka 20.000 kilo, medan sluttsetelen viste at fangsten var på 47.000 kilo.

Om bota ikkje blir betalt, blir skipperen orientert om at straffa kan bli fengsel i 30 dager. Det blir også varsla at det i retten blir lagt ned påstand om at bota aukar til 18.000 kroner, i tillegg til sakskostnader.