Presenterte Ibsen på app for turistane

Magnus Carlsen og Ole Gunnar Solskjær er kanskje meir kjende nordmenn ute i verda enn Henrik Ibsen. Men Ibsen er den einaste som har budd på Hellesylt.

Ibsen-app: Onsdag presenterte jentene frå Stranda vidaregåande skule den nye Ibsen-appen. Frå venstre Julie Aklestad, Hanna Muri, Tuva Korsnes, Goda Thacenkaite og Sofie Berge Sæbø. Til høgre dei to turistane James og Belinda Grasso frå Australia.   Foto: Terje Engås

Nyheter

Han budde her iallfall i nokre veker i 1862. Og dette besøket var utgangspunktet då ei gruppe elevar ved Stranda vidaregåande skule starta utviklinga av ein Ibsen-app.