Framleis smalt og kronglete gjennom Hornindal

Har stein og treng veg - men manglar pengar

Stig Olav Lødemel ruslar langs eit lite fjell med tunnelmasse. Det er snakk om ca. 30.000 kubikk som symboliserer eit vegprosjekt som aldri har kome i gang.

Tunnelmasse: Hornindal-ordførar Stig Olav Lødemel går langs ein vegg av stein som skulle nyttast til ny fylkesveg 60 gjennom Hornindal. No har steinen lege her i seks år.  Foto: Terje Engås

Nyheter

– Dette handlar om sikkerheit, næringsliv og miljø. Staten har brukt fleire milliardar kroner på å bygge Kvivsvegen og rassikring av Røyr-Hellesylt. Men midt i mellom desse vegane ligg det ei strekning på 14 kilometer med fylkesveg som er ein krøtersti. Slik kan det ikkje halde fram, seier Stig Olav Lødemel, Høgre-ordførar i Hornindal.