Klart for å rive på Hellesylt

Flakk Eiendom AS førebur riving på Hellesylt. Men Grand Hotel-forkjemparane kan slappe heilt av, for det er motellbygget nede ved sjøen som skal vekk.

Hellesylt: Motell-bygget på Hellesylt skal rivast i sommar.  Foto: Arkivfoto: Terje Engås

Nyheter


Det melder hellesylt.info. Bygget frå 1970-talet er i dårleg stand. Det er knuste ruter og spor etter innbrot, fortel dagleg leiar i Flakk Eiendom AS, John Egil Gjørtz Jacobsen.

Ryddar vekk

Hellesylt.info legg til at det er Møre Miljøsanering AS som skal stå for rivinga, og arbeidet er alt i gong med å rydde vekk installasjonar og møblar.

Deretter er det store maskiner som skal fjerne resten. Rivingsmassen skal køyrast til SGT sitt mottak på Stranda.

Tek vare på muren

– Muren og brygga mot sjøen skal bevarast som det er i dag. Også våningshuset på elvekanten blir ståande, seier John Egil Gjørtz Jacobsen.

Kva som kjem i staden for motellet er ikkje klart, men Jacobsen seier til hellesylt.info at han lovar at det skal bli ryddig og stelt pent til.