Fleire fylke på veg bort frå Autopass på ferjer

No går truleg Hordaland vekk frå Autopass på fylkesferjer.

Autopass. Her frå E39-sambandet Lote-Anda i Sogn og Fjordane.  Foto: Fjordabladet/Tormod Flatebø

Nyheter

For få dagar sidan gjekk Møre og Romsdal fylkesutval inn for å ikkje innføre Autopass sitt takstregulativ. Med autopass-regulativ blir det gratis for passasjerar og dyrare for dei som køyrer åleine. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal ønskjer å skjerme næringslivet for ei slik kostnadsauke og går inn for dagens ordning. Sjåføren skal likevel kunne betale med Autopass-brikke.

I Hordaland vil fylkesutvalet no gjeninnføre betaling for passasjerar, melder NRK. Her er det omsynet til pendlarane som er grunnen, ifølgje kanalen. Og i Rogaland prøver dei å få til ei løysing med både autopass og passasjerbetaling på ferjer fylkeskommunen har ansvar for, skriv NRK. Sogn og Fjordane har ikkje diskutert dette enno.

Dermed kan det gå mot minst to ulike system på Vestlandet. På E39 og dei andre riksvegferjene blir autopass-regulativet innført gradvis.

– Eg har forståing for at det kan vere forvirrande. Difor må vi no jobbe hardt for å sikre at det berre blir to system og ikkje fleire, seier fylkesvaraordførar Pål Kårbø i Hordaland til NRK. Han vil ta opp autopass-ordninga i Vestlandsrådet i slutten av juni, slik at dei fire ferjefylka på Vestlandet kanskje kan samordne seg.

Endeleg vedtak blir gjort av fylkestinget i både Møre og Romsdal og i Hordaland før jonsok.