2,4 mill. i meirforbruk i mai

Likevel er det lyspunkt for Helse Møre og Romsdal.

DISKUSJON: Styreleder Ingve Theodorsen og konst. adm. dir. Nils Kvernmo i Helse Møre og Romsdal.  Foto: STAALE WATTØ

Nyheter

Avviket i lønskostnader held fram i Helse Møre og Romsdal. Dei fem første månadene i år var dette meirforbruket på 38 millionar kroner. Hittil i år har det vore omtrent like mykje overtid som dei to siste åra.


Tillitsvalt ved Ålesund sjukehus: – Vi er fortvila

Folk spør seg korleis det er mogleg å kutte stillingar i helseføretaket, seier Marianne Nydal.

 

Samtidig er det høg aktivitet, og det som økonomidirektør Heidi Nilsen omtaler som svært gode inntekter. Med same bemanning var det høgare aktivitet i mai i år enn i mai i fjor.

Tre av sju klinikkar har også positive akkumulerte resultat per mai. Det er altså ikkje heile organisasjonen som har minustal, legg økonomidirektøren til.

I fjor var det ei kraftig auke i overtidsbruken frå og med juni. Då enda det med eit meirforbruk på runt 150 mill.

For i år ligg Helse Møre og Romsdal an til eit meirforbruk på 100 millionar kroner.