Ambulansehelikopteret fann berre éin stad å lande:

Helikopter stengde ferjekaia

Trafikale problem i Volda sentrum etter at ambulansehelikopteret landa på ferjekaia.

Luftambulansen ved ferjekaia i Volda i forbindelse med helseoppdrag.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Det vart trafikkaos på ferjekaia i Volda onsdag.

I samband med eit helseoppdrag vart eit helikopter rekvirert. Og dette landa ved innkøyringa til ferjekaia. Dermed vart all trafikk her stansa – både til og frå ferjene.

– Det er ei utfordring å finne landingsplass til eit helikopter i sentrum, forklarer brannsjef Roy-Inge Heltne i Volda.

Like før 14.30 letta helikopteret med éin pasient, og køane byrja å løyse seg opp.