Styret tvang igjennom nedskjeringar

Enkelte i Helse Møre og Romsdal har det meir travelt enn andre, svarte tilsett-representant Anette Lekve i HMR-styret og la fram eit alternativt forslag.

MÅTTE KUTTE: Styreleiar Ingve Theodorsen (til venstre) meiner det er heilt nødvendig å følge budsjetta til Helse Møre og Romsdal. Til høgre konst.adm.dir Nils Kvernmo.   Foto: Staale Wattø

Nyheter

Styret i Helse Møre og Romsdal vedtok onsdag å skjere ned med 130 stillingar. Vedtaket følgjer innstillinga frå konst. direktør Nils Kvernmo. Dei vedtatte kutta er dels basert på kor store avdelingane er, dels på kor store overskridingar dei har av budsjettet. No skal konkrete tiltak til kutt ligge klar før sommaren.