– Med autonome våpen gir vi frå oss kontrollen over dødeleg teknologi.
Det seier Johann Roppen, rektor ved Høgskulen i Volda. Han åtvarar mot eit minefelt av etiske og juridiske problem med sjølvstyrte våpen.
– Menneske kan verte drepne utan at vi veit kvifor, eller kven som er ansvarleg.
Roppen meiner at innføringa av slik stridsteknologi er ei form for moderne opprusting.
75 år sidan landgangen i Normandie
D-dagen og dei grufulle nettene
Om nettene var han tilbake i krigen, innelåst i maskinrommet ute i det svarte Atlanterhavet.
Han har saman med mange andre innanfor forsking og akademia signert oppropet. Det er adressert til regjeringa og Stortinget:
«Norge er et land med diplomatisk erfaring og kapasitet til å lede an i arbeidet for humanitær nedrustning og våpenkontroll. Et tydelig norsk standpunkt mot dødelige autonome våpen vil derfor være av internasjonal betydning og bidra til å stigmatisere og forebygge et nytt våpenkappløp», står det.
– Eg er jo «så gamal» at eg hugsar den kalde krigen, seier Roppen.
– Nokre gonger fekk ein faktisk til avtaler om nedrusting. Vi har ikkje noko alternativ til internasjonale avtalar.
Stadig færre drepes i krig og konflikter
Antallet konflikter og kriger i verden øker, men tallet på drepte fortsetter å falle, viser fersk statistikk.