Tilsett som ny teknisk sjef i Ørsta

Ivar-Otto Kristiansen er tilsett som ny teknisk sjef i Ørsta kommune.
Nyheter

Ørsta kommune har tilsett Ivar-Otto Kristiansen som ny seksjonsleiar ved tekniske tenester frå 1. august. Han er i dag prosjektleiar ved seksjon eigedom i kommunen, ein jobb han har hatt siste to åra.

Kristiansen har master i økonomi og administrasjon, bygd på bachelor økonomi og administrasjon med spesialisering i logistikk. Han har tidlegare vore prosjektleiar i mellom anna Rolls Royce, Tingstad og Vik Ørsta. Kristiansen har noko leiarerfaring og erfaring frå omstillingsprosessar, ifølgje kommunen si nettside.