Samferdselsministeren til søre Sunnmøre

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp) skal på besøk til Fosnavåg og Ørsta fredag.

KJEM TILBAKE TIL SUNNMØRE: Samferdselsminister Jon Georg Dale.  Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Nyheter

To punkt står på programmet når samferdselsminister Jon Georg Dale fredag kjem til Sunnmøre.

Første stopp er Fosnavåg, der det blir invitert til pressetreff om Fosnavåg fiskerihamn.

Deretter går turen til Ørsta, der samferdselsministeren skal få omvising i bedrifta VikØrsta, ifølgje pressemeldinga frå Samferdselsdepartementet.

VikØrsta er ein leiande leverandør av trafikksikring og infrastrukturløysingar, som veg- og brurekkverk, lysmaster, bergsikring og marineanlegg.