Paragliderulykke i Loen

Paragliderpilot mista kontrollen og krasja i fjellside. Vart henta ned av luftambulansen.

Illustrasjonsfoto. 

Nyheter

Vest politidistrikt meldte at det hadde skjedd ei paragliderulykke i Loen i Nordfjord laurdag kveld.

Ein paragliderpilot mista kontrollen og krasja i fjellsida.

- Personen som førte paraglideren er bevisst og oppegåande og framstår uskadd. Luftambulansen er på veg til staden for å hente personen, opplyste Vest politidistrikt på Twitter klokka 23.43.

Hendinga er registrert hos politiet klokka 22.59 laurdag kveld.

Oppdatering frå Vest politidistrikt, klokka 00.34: Personen er trygt nede. Ikkje skada. Henta ned av luftambulansen.


Krasjet paragliderpilot i Loen måtte reddes med helikopter

Redningsmannskaper måtte lørdag kveld redde en skadd paragliderpilot som hadde krasjet i Loen i Sogn og Fjordane. Ulykken er den andre i Stryn på to dager.



Avsluttar forbod mot luftsport etter dødsulukke

Forbodet mot luftsport som ble innført i Loen etter ei dødsulukke 28. april blei tysdag oppheva.



Dødsulukka søndag:

Volda-student omkom i Loen

Det var den 20 år gamle Astri Brandal Reynolds frå Nesodden i Akershus som omkom i ulykka i Loen søndag, opplyser politiet.