John John, Luffen og andre låtskrivarar: Nye Ålesund is calling

Inviterer til konkurranse om ny kommunesong

– Songen skal ha høg allsongfaktor og kunne brukast av unge og vaksne, i skular og barnehagar, i store forsamlingar og i lyd og lag, heiter det mellom anna i utlysinga.

Inviterer til songkonkurranse: – Det gjer noko med oss når vi syng i lag, og difor ønskjer vi oss ein heilt ny song til ein flunkande ny kommune, seier prosjektleiar Astrid Eidsvik. ARKIVFOTO: SOFIE SVANES FLEM 

Nyheter

Nye Ålesund kommune inviterer til song-konkurranse for å feire den nye kommunen, går det fram av ei pressemelding. Vi snakkar ny kommunesong.

– Det gjer noko med oss når vi syng i lag, og difor ønskjer vi oss ein heilt ny song til ein flunkande ny kommune der vi får starte på nytt og synge oss i lag, heiter det frå prosjektleiar for nye Ålesund, Astrid Eidsvik.


Fellesnemnda tilråder Ålesund sitt byvåpen

Med et overveldende flertall tilråder fellesnemnda kommunestyret å vedta Ålesunds byvåpen som kommunevåpen for nye Ålesund kommune.


Om songen heiter det at den skal ha høg allsongfaktor og kunne brukast av unge og vaksne, i skular og barnehagar, i store forsamlingar og i lyd og lag. Teksta skal vere på norsk og spegle Ålesund sine verdiar: «Open – engasjert – modig».

– Vi håper dette kan bli lyden av nye Ålesund og ein av fleire ting som bind oss i hop på vegen inn i det nye fellesskapet vi held på å utvikle, heiter det vidare frå Eidsvik.


Demokrati i nye Ålesund:

14-åringer kan sitte i kommunedelsutvalg

Nye Ålesund ønsker dispensasjon fra kommuneloven, for å utvide innbyggernes muligheter til å delta i demokratiet.


Nye Ålesund blir den tredje største kommunen på Vestlandet og den trettande største kommunen i landet. Den nye kommunen skal feirast med stor fødselsdagsfest, og det er i samband med dette at ein inviterer til songkonkurranse.

Ein breitt samansett jury skal kåre vinnaren av den nye kommunesongen. Vinnarane får ein premie på 20.000 kroner i tillegg til at dei får spele inn låten i studio.

Bidrag skal sendast til nye Ålesund kommune innan 20. august i år.


Her er 2019-versjonen av «Vi slår til»

Det som i si tid var AaFKs første klubbsang har fått en makeover. Med tilhørende musikkvideo.



JohnJohn Bruseths nasjonalsang for Nordøyvegen

Her er JohnJohns nye musikkvideo.



Premiere: "Urokkelige Ålesund":

Hør Luffens nye Ålesund-hyllest

Lørdag kveld slippes Luffen Valles nye Ålesundssanger på Teaterfabrikken. Men allerede nå kan du sniklytte til sangen "Urokkelige Ålesund".

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Nyheter