Tenåring må i fengsel for råkøyring i tunnel

Med ferskt førarkort blei tenåringen teken i 136 kilometer i timen i Kvivstunnelen. No må han i fengsel.

Dom i Søre Sunnmøre tingrett. Illustrasjonsfoto: NTB Scanpix  Foto: Roald, Berit

Nyheter

Første helga i juni hadde politiet fleire fartskontrollar på Kvivsvegen og innover mot Stryn i samband med motorfestivalen der. Til saman 13 bilførarar mista førarkortet.

Ein av dei, ein 18-åring, blei laurdag ettermiddag denne helga målt til 136 kilometer i timen inne i Kvivstunnelen, der det er 80-sone.



No har ungdommen møtt i Søre Sunnmøre tingrett, der han er dømd til 14 dagar fengsel.

I retten forklarte ungdommen at bilen som køyrde føre han, la seg ut og køyrde forbi ein bil som låg noko under fartsgrensa. Han som no har møtt i retten følgde etter då det var klar bane. Bilen framom heldt høg fart vidare, og den sikta køyrde etter for å ta bilen igjen.

Retten meiner ein fart på 136 kilometer i timen er vesentleg høgare enn det som er nødvendig for å gjere ei elles aktsam forbikøyring.

I tillegg til fengselsstraff mister 18-åringen førarkortet i 11 månader. Han hadde hatt førarkort berre i kort tid og hadde såleis førarretten på prøve. Retten stiller difor krav om full ny førarprøve for å få førarretten tilbake.

Det er gitt strafferabatt for tilståing.