Solid overskot i Sykkylven

Dei magre åra ser ut til å vere over i Sykkylven. I fjor gjekk kommunen med 12,5 millionar kroner i overskot.

Rådhus: Sykkylven rådhus.  Foto: Terje Engås

Nyheter

Denne veka vart årsrekneskapen til Sykkylven kommune godkjend av kommunestyret, og pengane vart sett av til disposisjonsfondet, skriv Sykkylvsbladet. Det var det Høgre som kom med framlegg om.

Demensavdeling

– Dette med tanke på at det kjem ei sak i august om styrking av demensavdelinga på Buas, og at kommunen har behov for midlane neste år, sa Birgitte Sætre Bonesmo frå Høgre.

Ho fekk også fekk gjennomslag for å løyve 450.000 kroner til oppgradering av kjøkena på Ullavik barnehage og Vik barnehage.

Enøk-tiltak

Det var rådmann May-Helen Molvær Grimstad som la fram det gode årsresultatet, der ein mellom anna kunne lese at fleire einingar i kommunen brukte mindre enn budsjettert i fjor.

Vidare les ein at Enøk-tiltaka i storhallen har resultert i økonomisk innsparing.