Stranda og Sykkylven var heilt utan politi:

Brannvesenet måtte hjelpe politiet i valdssak

Brannvesenet måtte assistere då den einaste politimannen på vakt rykka ut til ein mogeleg valdssituasjon med barn til stades. Det fekk hovudverneombodet til å reagere med drastiske verkemiddel.

Viser til arbeidsmiljølova: Lars Olav Melkild har vore hovudverneombod i politiet sidan 2014.  Foto: Privat

Nyheter

Natt til fredag den 14. juni fekk politiet melding om ein alvorleg situasjon i Stranda kommune: Mogeleg pågåande vald, med barn til stades.